Museet Lysøen [Tilbake]
Museumsbestyrar Berit Høgheim, tlf. 56309077

Museet er ope 18/5 - 31/8 kl. 12 - 16. Klassane må gjera avtale om omvising.

Huset på Lysøen vart bygd av fiolinisten og komponisten Ole Bull .
Han kjøpte øya i 1872, det var på denne tida Lysekloster gard selde ut gardene som hadde vore inn under Lysekloster.
I 1873 sto "Villa Lysøen" ferdig. Då tok Ole Bull og familien hans huset i bruk som sommarbustad. Kvart år kom dei over frå Amerika for å nytta villaen og øya gjennom sommaren.
Men Ole Bull fekk ikkje sjølv glede av staden i mange år. Han døydde her sommaren 1880.

Som ekskursjonsmål for 3.klassingane i Os ligg staden vel til rette for tema innan musikk, arkitektur, rosemåling og karveskurd, kjennskap til bygda i eldre tider, natur-og miljø o.s.b.
Gamletunet ved kaien er eit godt døme på gamal byggjeskikk.

Vi vil tilrå at klassen veljer eitt eller to hovudfokus for ekskursjonen til øya/museet.

Der er gode tilhøve for bading både ved kaien og i Lysevågen..

Gløym ikkje å ta ein tur opp til utsiktstårnet på toppen av øya!

Vær merksam på at alle vekstrane på øya er freda, slik at bær, blomar og nøtter ikkje skal plukkast!

Ild må ikkje nyttast på øya.


Ole Bull

Hjelpestoff:

På Pedagogisk senter finn du:

- CD med musikk av Ole Bull, med Bergen Filharmoniske orkester og ArveTellefsen

- Kassett: Melodiminner fra Lysøen m. Arve Tellefsen. Forteljing Carl O. Gram Gjesdal.

- Bok: "Det var en gang en spillemann"
av Titt Fasmer Dahl (1946), om Josef Haydn, W.A. Mozart, Ole Bull og Edvard Grieg, fortalt for barn.

I Kundetorget er brosjyrar om Museet Lysøen

Musikkhallen
Bileta gjengjevne med tillating frå Museet Lysøen Museumsnett - Lysøen